De Tweede Ronde. Jaargang 6
(1985)– [tijdschrift] Tweede Ronde, De– Auteursrechtelijk beschermd
[pagina 155]
| |
Overbrenging van sentimentaliteit
| |
SentimentalitetsoverføringaKven er sentimental i dag?
Son min
som har kome heim frå ein skogtur i skodde og sol
og som har funne modne baer
i dei lune kløftene ute med sjøen?
Han opnar ein lunka neve framfor far sin:
Blåbaer med runde stempel på toppen.
Ein bjørnebaerkart som er trehard og grå.
Tre sprengraude villbringebaer.
To bringebaer som er gule
og modne og rolege.
Gule bringebaer - minne om kvinnehud.
Er som min sentimental når han gir meg dette?
Eg takkar og legg baera på eit kvitt, lite tefat.
Baera er vakre saman.
Eg får meg ikkje til å ete dei.
Kven er sentimental i dag?
Seint på kvelden ser eg blåbaera
er blitt tørre og innskrumpa Eg skundar meg
å ete desse,
men sparer eitt
for den mørke blåfargens skuld
Kva ventar og så på? Kan du
som har vaksne sønec svare?
Du svarar ikkje. Kanskje er du
den som er sentimental i dag.
|
|